Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Lafting med rundtømmer, bygg di eiga bu, resturering, 2 veker


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Lafting med rundtømmer, bygg di eiga bu, resturering, 2 veker

Start dato: 26.06.2017

Slutt dato: 09.07.2017

Lærar: Ottar Romtveit

Kursnummer: 1710

Påmeldingsfrist 15. mai

På dette kurset kan du enten bygge nytt eller restaurere/skifte ut stokkar på eit gamalt laft.

Hent tømmer i eigen skog og bygg ei lita bu! På kurset kan du setje opp di eiga hytte (sjølvbyggar), eller du kan vere vanleg kursdeltakar der du er med og byggjer ei anna hytte.  Dersom du vil vere sjølvbyggar, må du halde teikning og virke sjølv. Max storleik på lafta hytte 20 m2. Du vil rekke å kome godt i gang med veggane på hytta, men vil trenge meir tid for å bli ferdig. Du får opplæring i materialval, dimensjonering og kvalitetskrav og i bruk og oppsetjing av verktøy. Deltakarane må ha med eige handverktøy og verneutstyr. Du kan leige lafteverktøy, kr 300.-.

Det er høve til å arbeide vidare med lafting om kveldane. Ottar Romtveit er byggmeistar og arbeider profesjonelt med lafting. Kurset varer 2 veker. Påmeldingsfrist 15.mai.

Kursplan:

Mål:Å gje deltakarane innføring i lafting og/eller restaurere laft.

Ant. timar med lærar 84

Spesielle krav:Ingen

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid for laftekurset

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag fri.

Måndag til laurdag 0830 - 16 00

Siste sundag 0830 - 1500

 

Måndag kveld. Introduksjon til kurset. Presentasjon av lærar og deltakarar. Gjera seg kjend på området, verktøy m.m.

Planlegging/framdrift på kurset.

Vi startar med gjennomgang av verktøy og oppsetting av verktøy.

Deretter tek vi for oss ulike teikningar og arbeidsoppgåver.

Kvar einskild bør laga sin eigen arbeidsplan. Dette er viktig for å få godt utbytte av kurset og god framdrift.

Dagane går til mykje praktisk arbeid, "øving gjer meister". Teori og diskusjon om ymse problemstillingar ettersom me arbeider oss framover.

Kvar dag er det høve til å arbeide på eige hand utover kveldane.

Studiematriell:

Du kan velje om du vil bygge di eiga hytte eller om du vil vera vanleg kursdeltakar og medhjelper på eit anna bygg.

Kursdeltakar som skal vera sjølvbyggar må ha teikning og material klare i god tid før  kursstart. Det er høve til å laste av laftematerial på kursstaden nokre dagar før kursstart.

Dei som ikkje har ferdig teikning og materialliste må ta kontakt med lærar. Deltakar bør ha skisse eller ide på det bygget dei vil lage. Hytta må ikkje vera større enn 20 rutemeter. Ottar Romtveit kan etter nærare avtale lage teikning og materialliste.

Vil du arbeide med restaurering? Må det skiftast ut stokkar på eit laft? Ta kontakt med Ottar for diskusjon omkring prosjektet og korleis ein kan løyse ting.

 

Deltakarane må ha ein del handredskap: snikkarsag,  hoggjern 38 millimeter,  vater, slirekniv, høvel,  krittsnor, tommestokk og blyant. Ta med motorsag dersom du har.

Lafteverktøy: lita og stor bile, sudkniv (medragskniv)  bandkniv,

Om du ikkje har lafteverktøy er det høve til å leige det for 300 kr.

Du kan og bestille det frå smeden vår, Øyvind Klausen, Fyresdal. OBS. Bestilll i god tid før kursstart.

Ta med skrivesaker

Du må ha verneutstyr, vernesko, vernebukse, hjelm og øreproppar eller øreklokker.

 

Forsikring og forsiktighetsreglar. 

All bruk av maskinar og utstyr er på eige ansvar. Gjer deg kjend med forsiktighetsreglar på verkstaden.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:Ein del teori, men mest praktisk arbeid

Pris:Kurs kr 10400,- Opphald og mat i 13 døger kr 12740 ,-

Lærar:         Ottar Romtveit          Tlf.:       35073237, 97548514

Adresse:     3864  Rauland         E-post:  o-romtv@online.no

les artikkel om laftekurs i 2012

26. juni - 9. juli 2017



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.