Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Kveding, tradisjonell song


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

folkelarmpris til Unni

folkelarmpris til Unni

kvedarkurs haust 2013

kvedarkurs haust 2016


Kveding, tradisjonell song

Start dato: 2.11.2017

Slutt dato: 5.11.2017

Påmeldingsfrist: 21. september

Kurs Nr.: 1748

Lærar: Unni Boksasp

Innføring i norsk vokal tradisjonsmusikk. Unni Boksasp har fordjupa seg i dei to tradisjonsområda Nordmøre og Tinn i Telemark.

Dette kjem sjølvsagt kurset til å bere preg av, men ein kjem også til å arbeide med songtradisjonane frå andre stader i landet. I tillegg generell song- og pusteteknikk.

Unni har studert folkemusikk både i Rauland, Valle i Setesdal og i Stockholm. www.boksasp.no

Kurs torsdag kl 19 til sundag kl 12. Påmeldingsfrist 21. september.  

 

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Mål:

Deltakarane vil få kunnskap om den rike vokaltradisjonen vi har i landet. Skilnader, særtrekk og likskaper. I tillegg blir det individuell rettleiing både når det gjeld generell songteknikk og det sjangermessige uttrykket til kvar enkelt, dersom ein ynskjer

Spesielle krav: Det trengs ingen forkunnskaper, berre interessa for å lære er til stades!

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1200

Emne som vil bli arbeidd med er;

Dei ulike sjangrane innan den norske vokalmusikken

( bånsullar, balladar, viser, lokking, tralling, stev m.m.), presentasjon av og lytting til ein del sentrale songkjelder frå heile landet.

Generelle særtrekk ved folkesongstilen.

Generell puste- og stemmeteknikk uavhengig av kva for sjanger ein syng i.

Kurset vil innehalde ulike arbeidsmåtar: lære songar i stor gruppe og minder grupper,  individuell undervisning, forelesning og lytting, sjølvstudium, Kurset blir mykje forma etter kva kursdeltakarane ynskjer og kva for forkunnskaper dei har.

Studiematriell:

Deltakarane må ha med noko å notere med og på. Ellers kan det vera greit å ha med enkelt opptaksutstyr, sidan det ikkje vil bli arbeidd så mykje med noter.

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Torsdag blir det truleg undervisning i stor gruppe for alle. Fredag og laurdag vil ein legge opp til gruppe-/individuell undervisning i tillegg til noko forelesning og sjølvstudium og sjølvsagt fellessamlingar der alle syng saman..

Pris:Kurs kr 3800,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940-

Lærar:         Unni Boksasp

Tlf.:            

Adresse:     Berge, 3658  Miland

E-post:        unni@boksasp.no

Web site:     www.boksasp.no

På facebooksidene til Unni og Unni Boksasp Ensemble kan de lese, sjå og høyre meir om konsertar, turnear, prosjekt, videoar og musikk: 

www.facebook.com/unni.boksasp og www.facebook.com/ unniboksaspensemble

Videoar frå Unni Boksasp Ensemble: www.youtube.com/watch?v=MUd0dj4Us34

Høyr og last ned musikk på Spotify, Wimp eller på www.musiconline.no

 

2. - 5. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V
bilete 2013
unni


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.