Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Kursinformasjon


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Kursinformasjon

Nyttig informasjon om kursa i 2016.

Velkommen til Noregs største kurssenter for husflid og handverk.

Kursa på Raulandsakademiet blir arrangera i samarbeid med Rauland Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.

Fleire kurs går parallelt slik at ektefelle eller vener kan gå på kvart sitt kurs samstundes. I år er det om lag 60 kurs å velje mellom. På heimesida vår finn du informasjon om kursa. Klikk deg inn på www.raulandsakademiet.no og vidare til kurskatalog 2016.

Er du interessert i å ta høgare utdanning i husflid og handverk? Bachelor grad og mastergrad.

Nyttig informasjon om kursa 2016

Kven kan melde seg på kurs?

Kursa er opne for alle over 14 år.

 

Most courses are open for English speakers

Nearly all our teachers understand and speak English. To be certain about the course

language, please contact us. If nothing else is mentioned in the course description,

the teaching language is Norwegian. For information about the courses, please look at our homepage www.raulandsakademiet.no.

 

Gåvekort

Jolegåve eller fødselsdagsgåve. Å få eit kurs i gåve er populært. Ta kontakt med oss, gje oss namn på den heldige, kor gåvekortet skal sendast og kven som skal betale.

 

Tips ein ven

Kjenner du nokon som du trur ville seta pris på å få ein kurskatalog? Ring oss eller

send oss ei melding med namn og adresse, så sender vi katalogen i posten.

 

Slik melder du deg på kurs

Du melder deg på ved å sende inn påmelding, brev eller e-post. Du finn påmeldingsskjema på heimesida vår.  Det er bindande påmelding. Ikkje vent for lenge med å melde deg på! Dei mest populære kursa blir fort fulle. Påmeldingsfrist er 6 veker før fyrste kursdag. Dersom det er ledige plassar tek vi mot påmelding fram til kursstart.  

 

10% rabatt på kursavgifta?

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Kva dekker kursavgifta?

Kursavgifta dekker kurs og verkstad. På nokre kurs må du rekne materialkostnader.Informasjon om materialkostnader finn du vår heimeside.  

 

Når startar kurset og når sluttar det?

Kurset startar kl 19 fyrste kursdag. Ordinær kursdag varer til kl 16. Etter dette kan du arbeide på verkstaden til langt på kveld. Siste kursdag varer til kl 1500.

Tredagars kursa har 22 timar undervisning og seksdagars kursa har 42 timar undervisning.

 

Avmelding

Påmeldinga er bindande. Dersom du ikkje kan møte på eit kurs du har meldt deg på, er det viktig at du melder frå skriftleg så fort som mogeleg. Send brev eller E-post. 

Avmeldinsgebyr er kr 900.- fram til  fire veker (28 dagar) før kursstart. Ved avmelding seinare enn 28 dagar før kursstart må heile kursavgifta betalast. . 

 

Overnatting og mat

Du kan bestille kost og losji på Raulandsakademiet.

Overnattingsdelen på Raulandsakademiet har dusj og toalett på alle rom. Raulandsakademiet er open for overnatting heile året. Raulandakademiet er medlem i Norske Vandrerhjem. Opphald og mat kostar kr 950.- per døger for kursdeltakarar. Det blir servert 4 måltid per dag

Bur du privat men vil spise hjå oss? Klikk her!

 

Fritidsaktivitetar

Det er undervisning fram til kl 16. Etterpå kan du arbeide på verkstaden eller nytte tida til andre fritidsaktivitetar. Tur i fjellet, bading i Totak, båttur på Møsvatn, fisking, padling eller ridetur eller du kan vitje ei av kunstutstillingane i distriktet. Sjå oversikt over fritidsaktivitetar og forslag til turar på vår heimeside eller klikk deg inn på http://www.visitrauland.com/

Raulandsakademiet A/S, Akademiet 2, 3864 Rauland

Tlf.: 35 07 32 92

postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no <postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

www.raulandsakademiet.

Bur du på hytta eller privat når du er på kurs? Her er prisar på måltid hjå Raulandsakademiet!



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.