Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Foto, natur og kultur


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Foto, natur og kultur

Startdato: 13.07.2017

Sluttdato 16.07.2017

Påmeldingsfrist 29.mai

Kurs Nr.: 1798

Lærar: Kjell Bitustøyl

Foto med hovudvekt på naturbilete, men og bilete av bygningar m.m. og menneske i naturen. Dette er eit kurs for deg som har tatt ein del bilete og for deg som er glad i og i god form til å gå på tur. Det blir tur til nye stader kvar dag. Foto ute og biletbehandling inne etterpå. Kjell Bitustøyl er raulending og godt kjend  i distriktet. På dette kurset vil du få med deg ein del lokalhistorie, Kjell har mykje kunnskap om fuglar og kor du finn dei. Han er òg kjend for å ta flotte bilete av reinsdyr både sommar og vinter m.m. Hausten 2015 kom jubileumsboka “Rauland Kraftforsyningslag 75 år”, der Kjell er forfattar og fotograf/biletredaktør. Dette er hans fjerde bok. Kjell er òg ein erfaren journalist, og han var redaktør i Spelemannsbladet i 10 mange år. For tida arbeider han som fotolærar på AIR, Attføringssenteret i Rauland. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 29.mai.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Kursplan:

Mål: Lære å ta gode natur- og kulturbilete

Ant. timar  22

Spesielle krav: Dette er eit kurs for dei som har fotografert ein del før. Vi oppsøker nye stader kvar dag. Det blir ein god del gåing I terrenget.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:

Torsdag  1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag kurs fram til kl 1500.

 

 Studiematriell:

Fotoutstyr og bærbar PC for redigering av bilete.

Ekstra batteri til fotoapparat og ekstra minnekort.

Instruksjonsbok til fotoapparat.

Skriveutstyr.

Turutstyr, gode sko, turklede og sekk.

Husk og merk alle private saker og ting med namn. 

 

Vi gjer merksam på:

  • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.
  • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Fellesundervisning og individuell rettleiing

Pris: Kurs kr 3800,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940,-

Lærar:         Kjell Bitustøyl

Tlf.:             46443031

Adresse:     Folkestadvegen 333, 3804 Bø i Telemark

E-post:        k jellbituSPAMFILTER@me.com <kjellbituSPAMFILTER@me.com> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Facebook: Kjell Bitustøyl

Artikkel I TA om boka frå "Bessebu til Besso"

http://www.ta.no/pulsen/bli-betre-kjent-med-turistperla-besso/s/1-111-7683377

Artikkel om Kjell Bitustøyl på "Folkemusikk.no"

http://www.folkemusikk.no/ein-ny-raud-strek/ 

Målprisen til Kjell Bitustøyl I 2003:

http://www.nm.no/tekst.cfm?id=1474 

13. - 16. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V

kraftlaget

frå bessebu til besso

Reinen på Hardangervidda



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.