Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Figurskjering


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Figurskjering

 Start dato: 3.7.2017

Slutt dato: 9.7.2017

Påmeldingsfrist 22. mai

Kurs Nr.: 1719

Lærar: Harley Refsal

Kursplan:

Lær å lage utrykksfulle trefigurar! På kurset lærer du å skjera menneskefigurar i lind.  Treskjerarstilen er prega av få og grove snitt, du brukar ein liten skarp kniv.  Figurane blir fargelagt med svak beis. På kurset vil du rekke å lage fleire figurar. Du vil lære å utforme figurar etter eigen ide. Sjå film om Harley Refsal på www.YouTube.com Harley Refsal fører vidare tradisjonane frå Axel Peterson Döderhultarn, den kjende svenske treskjeraren som levde rundt forrige århundreskifte. Siste boka til Harley Refsal er "Scandinavian Style Woodcarving". Harley tek turen frå USA for å undervise på dette kurset. Han snakkar flytande norsk. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 22. mai.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Kursplan:

Mål:Å lære om bakgrunnen for figurskjering i Norge. Å skjera minst 3 - 4 figurar sjølv ( mange kjem sikkert til å skjera 5 - 8 figurar på kurset)

Ant. timar 42

Spesielle krav: Nei, dersom du kan skrelle poteter kan du spikke figurar!

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Sundag: kurs 0830-1500

 

Måndag kveld:  Historisk bakgrunn for figurskjering i Norge. Kniver og utstyr. Bli kjend med kvarandre og lærar.

Tysdag. Valg av emne. Begynne å skjera kvar sin figur.

Onsdag. Halda fram med figurane. Fargelegging og overflatebehandling.

Torsdag. Begynne å lage våre eigne motiver og figurar.

Fredag. Halda fram med figurane.

Laurdag. Halda fram med figurane.

Sundag. Gjera ferdig alle figurane, oppsummering og rydde opp.

Studiematriell:

Lærar har materialer og rimeleg utstyr til salgs:

Knivar frå kr 150.-, geisfus, små holjarn frå 100 - 150 kr,  slipepulver (30.-) m.m.

Ferdig saga lind til figurane ( 100 - 200 kr pr. figur) Bøker om figurskjering ( 90 - 200 kr).

Bruk av lærarens måling og utstyr til overflatebehandling (80 kr).

Ta med deg tollekniv og emne av lind, bjørk eller furu dersom du har.

NYTT! Det har kome ut ein video/DVD, "Figure Carving Scandinavian Style" med Harley Refsal. Denne vil vera til sals på kurset

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Forelesnigar, individuell rettleiing, individuellt arbeid

Pris: Kurs kr 5700.- Opphald og mat kr 5880,-

Lærar:         Harley Refsal

Tlf.:

Adresse:     Luther College, Decorah  Iowa 52101, USA

E-post:        refsalha@luther.edu

Web site: Det er mykje informasjon om Harley på nettet: Bilete, bøkar og filmar på YouTube

Sjå Harley som lagar ein nisse

https://www.youtube.com/watch?v=dOVdUXFJAcM

Sjå korlis Harley held kniven skarp

https://www.youtube.com/watch?v=h9WZK_180vU

Meir figurskjering med Harley

https://www.youtube.com/watch?v=fHc51_F4Y6o

3. - 9. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V

harley refsal



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.