Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Bunadsband frå Telemark, brikkevev


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

dusk


Bunadsband frå Telemark, brikkevev

Start dato: 10.07.2017

Slutt dato: 13.07.2017

Påmeldingsfrist 29. mai 
Kursnr.: 1788
Lærar: Torkjell Sletta

Kurset er fullt

På kurset vil du lære å lage brikkeband som blir bruka til folkedraktene I Aust-Telemark. Torkjell Sletta har arbeidd med brikkeveving i 30 år. Han er kjend for å bruke friske og sterke fargar i banda sine. Han kan og teknikken med å lage fine duskar på banda. Torkjell kan mykje om lokale tradisjonar som han vil formidle til deltakarane. Han vil og ta med gamle band og mange prøvelappar med forslag til korleis mønsteret kan vera. Om du er nybyrjar startar du med eit barneband, dersom du har meir erfaring med brikkevev lagar du eit hårband i full lengde. Torkjell tek kontakt med alle før kurset.  Kurs måndag kl 19  til torsdag kl 15. Påmeldingsfrist 29. mai.

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Kursplan:

Mål : Å lære brikkevevteknikken, å få innføring i brikkevevingstradisjon i Telemark.

Spesielle krav: Det er ein fordel å ha kjennskap til brikkevevingsteknikken, men ikkje naudsynt.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdsag og onsdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245.

Torsdag: kurs 0830-1500

Studiematriell:

Ta med:

4 - hols brikker, du treng ca 30 brikker til eit band

Bandvevfeste,  bandvevbelte og vevkniv.

Skrivesaker og rutepapir/ruteblokk , fargeblyantar.

Torkjell har til sals:

6-tråds ullgarn, garn som egnar svært godt til brikkeveving.

Bomullsgarn til innslag.  

Vevkniv kr 50.-

Materialkostnad ca 300 - 400 kr.

Du kan få kjøpt brikker, bandvevfeste, bandvevbelte på Raulandsakademiet.

Brikker kr 10 per stk. Bandvevfeste kr 150.- Bandvevbelte kr 200.-

Vi gjer merksam på:

Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Kvar dag vekslar mellom felles gjennomgang, individuellt arbeid, individuell rettleiing og felles diskusjonar.

Pris: Kurs kr 3800,- Opphald og mat kr 2940,-

Lærar:        Torkjell Sletta

Tlf.:            48101644

Adresse:      Hovdevegen 8, 3697 Tuddal  

E-post:        tk-sletta@online.no

Facebook:         Torkjell Sletta 

sjå artikkel I magasinet Bunad   

10. - 13. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V      


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.