Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Bunad, montering av eigen bunad


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

Barbro Storlien


Bunad, montering av eigen bunad

Start dato: 06.07.2017
Slutt dato: 09.07.2017

Lærar: Barbro Storlien

Kurs nr 1756

Påmeldingsfrist 25. mai

Kurset er avlyst

Desverre må vi avlyse dette kurset.

Har du lyst til å montere eigen bunad? I så fall er kanskje dette kurset noko for deg? Her arbeider vi med di eiga materialpakke  og går gjennom innprøving og samansyingsteknikker. Kurset passer både for deg med ein bunad du har starta på  og for deg som har ei heilt ny materialpakke.  Det vil bli noko felles undervisning, men fordi det kan bli mange ulike prosjekt vil det bli lagt stor vekt på individuell rettleiing.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 22. mai

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Antal timar 22

Mål :Målet er at du skal koma så godt i gang med moteringa at du kan gjera bunaden ferdig på eige hand

Spesielle krav: Det er sjølvsagt ein fordel å ha kjennskap til handarbeid, men det viktigaste er å være motivert. I tillegg treng du godt syn, briller eller lupelampe.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:

Torsdag kl 19-20. Tysdag - laurdag kl. 8.30-16. Lunsjpause 12 -13. Sundag kl. 8.30-15

Vi startar med ein gjennomgang av dei ulike materialpakkene, snakker om korleis det er lurt å legge opp arbeidet og lager ein arbeidsplan.

 

Studiemateriell

Du må ha material som trengs for å montere ein bunad, det vil si ei materialpakke med stoff og klippemønster eller ferdig klypte plaggdelar, sysaker og anna utstyr.

I tillegg må du ha ei saumforklaring for bunaden din.

Dersom du er usikker på kva du treng, ta kontakt med kurslærer som kan gje råd.

Fordi det er behov for prøving , må du enten sy til deg sjølv eller til ei som kan komme.

Til montering av dei fleste bunader treng du symaskin.

Dersom du er usikker på kva du treng, ta kontakt med kurslærer som kan gje råd.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

 

 

Arbeidsform : Noko fellesundervisning, men mest individuell rettleiing

Pris: Kurs kr. 3800,-  Opphald og mat 3 døger kr 2940,-

Lærar:        Barbro Tronhus Storlien

Tlf.:            99 79 82 92

Adresse:     Nedre Måsan 15 H, 1385  Asker

E-post:       barbrostorlien@hotmail.com

Instagram:       fru_storlien

Blogg :            frustorlien.blogspot.com

Facebook:        som Barbro Tronhuus Storlien og bloggsiden Fru Storlien

Twitter:            Fru Storlien

6. - 9. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.