Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Bunad, brodering av eigen bunad


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland


Bunad, brodering av eigen bunad

Start dato: 03.07.2017

Slutt dato: 06.07.2017

Påmeldingsfrist: 22. mai

Kursnummer: 1755

Lærar: Barbro Storlien

Har du lyst til å brodere bunad, men er usikker  på teknikken? Eller har du kanskje starta og lagt bort arbeidet fordi det ikkje blei slik du hadde tenkt? På dette kurset lærer du dei viktigaste stinga for å brodere ein bunad, og du jobbar med di eiga materialpakke. Det blir felles undervisning og personlig rettleiing, og målet er at alle skal oppleve gleda ved å brodere og komme så godt i gang at dei kan halda fram med arbeidet på eige hand etter kurset.

Kurs frå måndag kl 19 til torsdag kl 15. Påmeldingsfrist 22. mai

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Mål: Målet er at du skal kunne arbeide  med bunadbroderi på eige hand.

Spesielle krav: Det ersjølvsagt ein fordel å ha kjennskap til handarbeid, men det viktigaste er at du er motivert. I tillegg treng du godt syn, briller eller lupelampe.

Antal timar: 22

Innhald/dagsplan: Undervisningstid:

Måndag kl 19-20. Tysdag og onsdag kl. 8.30-16. Lunsjpause 12 -13. Torsdag  kl. 8.30-15

Vi startar med ein gjennomgang av dei ulike materialpakkene, snakker om korleis det er lurt å legge opp arbeidet og lage ein arbeidsplan. Dersom det er ynskjeleg kan vi starte med prøvelappar før vi set i gang med sjølve arbeidet – bunadmaterialane.

 

Studiemateriell

Du må ha med ei materialpakke med påteikna materiale til bunad.

Broderigarn, broderiplansjer og spisse broderinåler 24-26.

Du må og ha med spiss saks, broderiramme med diameter 20 cm og penn/blyant og papir.

Dersom du er usikker på kva du treng, ta kontakt med kurslærer som kan gje råd.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

 

Arbeidsform: Noko fellesundervisning, men mest individuell rettleiing.

Pris: Kurs kr. 3800,-     Opphald og mat 3 døger kr 2940,-

 

Lærar:           Barbro Tronhus Storlien

Tlf.:                 99 79 82 92

Adresse:       Nedre Måsan 15 H, 1385  Asker

E-post:           barbrostorlien@hotmail.com

Instagram:           fru_storlien

Blogg :                  frustorlien.blogspot.com

Facebook:           som Barbro Tronhuus Storlien og bloggsiden Fru Storlien

Twitter:                 Fru Storlien

3. - 6. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V      

barbro storlien



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.