Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Brikkeveving i vevstol


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

svanaug staurheim


Brikkeveving i vevstol

Start: 5.10.2017

Slutt: 8.10.2017

Lærar: Ny lærar: Svanaug Staurheim

Kursnummer: 1714

Påmeldingsfrist: 24. august

Ny lærar på dette kurset Svanaug Staurheim.

På dette kurset set vi opp brikkeveven i ein stor vevstol. Fordelen med å seta opp i ein stor vevstol er at ein får god strekk på trådane, ein får god arbeidstilling og kan lett går til og frå arbeidet. På kurset går vi gjennom: mykje historikk rundt brikkeveving, teikne mønster, lage renning, tre i brikkene, sveipe på, veve, og dersom det blir tid, lære avslutningar og lage duskar. Du bør ha kjennskap til brikkevevteknikken for å bli med på kurset. Vi reknar med at du skal få tid til å lage eit hårband eller eit smalt belte på kurset. Svanaug Staurheim er busett i Skien, er utdanna aktivitør og har arbeidd med brikkeveving sidan 70-talet. Ho har undervist brikkeveving i 15 år.

Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 24. august

Spesielle krav: Du bør ha kjennskap til brikkevevteknikken. 

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid:

Torsdag kl 19-20

Fredag - laurdag kl. 8.30-16. Lunsjpause 12 -13

Sundag kl. 8.30-15

Studiematriell:

Kurset foregår i ein godt utstyrt vevsal med ein vevstol til kvar deltakar. Vevsalen ligg på Dyre Vaa museet/huset. Det er ca 500 meter å gå mellom Raulandsakademiet og vevsalen.

Ta med:

Minst 30 stk.  4-hols brikker

Skrivesaker, fargeblyantar og ruteblokk

Vevskyttel dersom du har.

 

Du får kjøpt på kurset:

Brikker får du kjøpt på Raulandsakademiet, kr 10 per brikke

Vevskyttel får du kjøpt av Svanaug ca kr 150.-

Ullgarn som høver til brikkevevde hårband og belte, (beltegarn) får du kjøpt av Svanaug. Ca kr 200 per hårband.

 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform:

Fellesundervising og individuelle rettleiing.

Pris: Kurs kr. 3800.-   

Opphald og mat 3 døger kr 2940.-

Lærar:     Svanaug Staurheim   

Tlf.:      92260491       

Adresse:    Fjelldalveien 154, 3721 Skien 

E-post:  sv.staurheim@hotmail.com

Facebook:     Svanaug Staurheim er på Facebook   

5. - 8. oktober 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.