Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Bandveving, grindband frå Vest-Telemark


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

eli Vesaas


Bandveving, grindband frå Vest-Telemark

Start dato: 9.11.2017

Slutt dato: 12.11.2017

Påmeldingsfrist: 28. september

Kurs Nr.: 1783

Lærar: Eli Vesaas

Du lærar veving av plukkeband i grind med og uten spalter.Typiske eksempel på plukkeband er band til Vest- Telemark bunaden, her er botnveven i mercerisert bomull med mønstertrådar i ull. Vevmetoden gjev deg stor fridom når det gjeld mønster og motiv. Me vil og sjå på anna redskap til og veva band med. Du må ha med bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter, ein trekniv til og plukke mønster med, eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet. Lærar har med vevmønster og garn, og kan låne ut noko vevutstyr.

Kostnader ca.kr.300.- Eli Vesaas er vevlærar, har produsert vevnader for sal og har hatt mange kurs. Kurs frå torsdag kl 19 til sundag kl 12.  Påmeldingsfrist 28. september

Kursplan:

Mål: Veve stutte prøver på plukkeband i grind med eller utan spalter.

Ant. timar med lærar   22

 

Spesielle krav: ingen

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid

Torsdag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Fredag og laurdag: kurs 0830-1600. Lunchpause 1200-1245

Sundag : kurs 0830-1500

 

Historikk omkring bandveving.

Syne og få innføring i ymse plukketeknikkar.

Få innblikk i ymse reiskap til bandveving.

Studiematriell:

Du du ha med:

  • Skrivesaker, rutebok/rutepapir, måleband og saks.
  • Bandgrind, helst med spalter og helst grind med 9 spalter.

    Den får du kjøpt på Husfliden i Skien tlf 35522688

     

    Dette kan du låne av Eli:

  • Ein trekniv til og plukke mønster med. Er lett å lage sjølv elles kan du låne av Eli.
  • Eit bandvevfeste og belte til å feste bandvevfeste rundt livet.

     

    Bandvevfeste og belte kan du få kjøpt på Raulandsakademiet.

    Pris: bandvevfeste kr 150,- bandvevbelte kr 150.-

    Lærar har med vevmønster og garn

    Kostnader ca.kr. 300.-

     

    Vi gjer merksam på:

    • Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

    • Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

    Arbeidsform:Fellesundervisning og individuell rettleiing.

    Pris:Kurs kr 3800,- Opphald og mat i 3 døger kr 2940,-

    Lærar:         Eli Vesaas

    Tlf.:             35072131

    Adresse:     Vesaasvegen 181, 3890  Vinje

E-post:        olav-ves@frisurf.no

Sjå artikkel I Bunad om bandvevingskurset til Eli Vessas

9. - 12. november 2017

man tir ons tor fre lør søn
       V  V  V  V

grind med 9 spalter

plukkepinne og bandvevfeste



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.