Link tab title



Raulandsakademiet > Kurskatalog > Akvarell


- Overnatting - Kurs - Opplevelser

Raulandsakademiet
Telefon: 35 07 32 92
E-post: postSPAMFILTER@raulandsakademiet.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Akademiet 2
N-3864 Rauland

akvarellkurs 2015


Akvarell

Start dato: 17.07. 2017

Slutt dato: 23.07.2017

Kursnr.: 1735
Lærar: Ivar Øksendal

Lag dine eigne kunstverk med akvarell! Å male akvarell ser kanskje lett ut? Men her er det mykje å lære..... Du blir kjent med ulike akvarellteknikkar. Vi målar akvarell både ute og inne, landskap, oppstilling m.m.

Ivar Øksendal er utdanna frå Statens Kunst-og Handverkskole og Statens Kunstakademi, har hatt mange separatutstillingar og er innkjøpt av fleire galleri. Kurs frå måndag kl 19 til sundag kl 15. Påmeldingsfrist 5. juni

Ynskjer du 10% rabatt på kursavgifta?

Kursplan:

Mål: Å gje ein innføring i akvarellteknikkane

Ant. timar med lærar 42

Spesielle krav: Kurset passer for alle, om du har erfaring eller ei.

Innhald/dagsplan:

Undervisningstid.

Måndag 1900-2100. Fyrst felles informasjon i Vesaassalen, deretter startar kurset på verkstaden.

Tysdag – laurdag: Kurs 0830-1600, lunchpause 1200-1245. Sundag: kurs 0830-1500

Emne vi vil koma innom under kurset:

  • Utstyr og materiallære
  • Maleteknikkar og penselføring
  • Komposisjon og bildebygging
  • Tre former for perspektiv
  • «Den kreative prosess»
  • Praktiske øvelsar og ferdiggjøring
  • Landskap, stilleben og portrett mm.

Kursdagen tek til med innleiande foredrag og undervisning. Vi arbeider med akvarell med forskjellige motiv.

Studiematriell:

Deltakarane bør ha med seg:

  • Skrin med akvarellfarger
  • Akvarellpenslar
  • Akvarellpapir av «god kvalitet»
  • Glass med lokk til vann (eit reint syltetøyglass eller liknande)
  • Blyant og viskelær
  • Maskeringsteip
  • Tørkepapir
  • Saks
  • Tapetkniv/ skjærekniv
  • Plate til å arbeide på ute. Ei plate av huntonitt eller finèr f.eks. 40x50 cm.
  • Hårfønar dersom du har
  • Liten ryggsekk og ein campingstol for å arbeide ute dersom det er vær til det.

 

Det er mogeleg å få kjøpt akvarellpensler, akvarellpapir og akvarellfarger på kurset. 

Vi gjer merksam på:

• Gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon er dette kurset dekka av Kopinoravtalen, som tillet kopiering frå bøker og trykksaker til undervisningsføremål.

• Vi reknar med at deltakar følgjer sikkerhetsinstruksar frå kursarrangør og kurslærar. Kursdeltakar er ikkje dekka av forsikring frå arrangør.

Arbeidsform: Du får korrektur under arbeidet og ei oppsummering i plenum etter kvar av øvingane.

Dersom det er ver til det kan vi arbeide ute, eller vi arbeider inne.

Pris: Kurs kr 5700,- Opphald og mat i 6 døger kr 5880,-

 

Lærar:        Ivar Øksendal         Tlf.:      33322740, 40490508

Adresse:     Sløyfeveien 4, 3120  Tønsberg

E-post: ivoekse@online.noWeb:          

Web: www.ivaroksendal.com. her finn du for eksempel CV m.m.

17. - 23. juli 2017

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V  V  V

frå kurs 2015



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.