Hjem > Aktør > Neset Telemark > Historien om Neset


- I Telemark, den norske rosemalingens vugge, ligger et enestående feriested.

Neset Telemark
Telefon: +47 908 70 700
E-post: bente.tvengeSPAMFILTER@gmail.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)


Historien om Neset

Neset var husmannsplass under Aksvik. Det ligg sunnafor Kvikke-åi, eigedommen gjeng fra Totakstrondi til fjølls.

Last ned artikkel i Varden:

Det fyrste me finn om Neset er at Orm Vaa, som gifte seg med Tone Sigvaldsdtr Aksvik, budde nygifte der kring 1700. Rikard Berge skriv i bygdesoga, bind II, s 618, at dei var so blåfattige at dei ei tid ikkje åtte anna enn eit tjeld (ullteppe) og ei fylle, ho breidde stakken sin til underbreie.

Dei heldt seg busetar. Det vil seie dei leigde seg inn hjå andre, men heldt maten sjølve. Dei hadde lite å greie seg med. Orm vart kalla Vaa-buseten. Men Orm hauka seg til, så han kaupte Uppigard Rauland, bytte gardar seinare, og kom til Setberg i Vå der slekta hans seinare hev budd.

I 1715 var det tókudugnad i Setberg. Då vart Torkjell Loftsgarden drepen, og ein som heitte Tallak Neset var der og måtte vitne. (V.R.I 585)

Utover 1700-tallet var det sikkert mange husmennar som me ikkje veit noko om.

I folketellinga i 1801 budde på ”husmandsplads Næsset :

Osmund Anundsen, 40 år, husmann

Sigrid Gjermundsdtr, 34 år og Anund, son, 3 år og Gjermund, 1 år.

Ragnhild Jarandsdtr, 40 år, inderste, (busete) enke, ho lever av arbeide og ”tillegg”, dvs fattigkassa. Dise, hennes datter, 14 år, og Jaran, son 3 år.

Rikard Berge skriv om at Vasshuskarane og ein frå Skålen og ein frå Neset hadde ”forderva” kyrkjeklokkune. Saki gjekk til retten, og Olav Neset var den skuldige. Dette var i 1810. (V.R.II 495)

Syster av Anne Osvaldsdtr vart gift med Halvor Sigurdson Torvetjønn, og dei fekk borni Svanaug og Osvald. Svanaug Halvorsdtr vart gift med syskenbarnet sitt, Anund Sondovson. Bror hennar, Osvald Halvorsen, åtte halvdelen av beitet Heimveglid, og det bytte han bort med Olav Torson i Neset, og kom dit. Seinare var Svanaug og Anund der.

Odd Tarjeison Rauland kaupte Neset og budde der, med systeri Ingebjørg. Ingen av dei var gifte. Dei høyrde til haugianarane, og lengta til å råke trusbrør ”nordanfor”. Serleg var Ingebjørg ivrig haugianar. Ho fylgde syskenbarnet sitt til Etne, men flutte til Raulandstrondi att. Ingebjørg reiste inn og arbeidde på papirmylna på Eiker, og Hans Nilsen Hauge sette i gang. I 1843 var ho og to andre like til Sundmøre og ville tala med Berthe Canutte Aarflot. Ho skreiv åndelege songar og hadde stor innverknad på haugianer-rørsla.

1 1892 blei M.B. Landstad si salmebok innført i Rauland.

Landstad var omstritt, då han også samla folkeviser. Ingebjørg lika difor ikkje salmane av Landstad som dei song i kyrkja. Ho sa : ” Eg vil heller sitje heime og søngje fe min Gud, hell gange ti kyrkje å søngje på dei faens trallane”.

Odd satt med garden, men Ingebjørg laut bruke. Ho slepa og fõra for kyrne sine. Odd ville berre fiske og jakte. Ho var gjestmild og snill. Ingebjørg døydde på Neset i 1897, 88 år gammel.

Men der var og brukarar på garden.

I 1865 var desse på Neset :

Halvor Anundsen (son til Anund og Svanaug) 44 år.

Gunhild Tarjeisdtr (dotter til Myllarguten) kone, 35 år.

Svanaug Halvorsdtr, 6 år og Ingeborg, 3 år.

Anne Halvorsdtr, pleiedatter, 1 år.

Far til Halvor, Anund Sondovsen, 74 år, ”inderst, og alltid sengeliggende”.

Osvald Anundsen, hans son, dagarbeider, 31 år.

Aslaug, hans dotter, pleiar faren, 28 år.

I 1875 er same familien på Neset som brukarar. Bror av kona, Gunhild, Sigurd Tarjeison, bur der midlertidig. Han er ugift og driv med jakt. Odd Rauland sit framleis som eigar, og syster hans, Ingebjørg, er kome heim. Odd døydde i 1886. Halvor Anundsen Neset var postberar i kring 25 år. To gonger i vika bar han posten frå Ofte tri mil til Berge på Haddland. Han vart kalla ”Halvor Post”.

Det fyrste skulehuset i Rauland sto på Neset, truleg oppsett kring 1875. Før var det omgangsskule.

I 1900 var Jon, son til Halvor Nynne, eigar på Neset. Han var fødd i 1860, og kona hans Svanaug Olsdtr var fødd 1851. Ho var frå Torvetjønn på Møsstrond og hadde arva Neset. Jon var tømmermann og snikkar, og var truleg med og bygde skulestoga i Aksvik. Svanaug og Jon var barnlause, og dei tok til seg Ågot Varmekro då far hennar døydde.

Seinare blei Harald Neset eigar. Han var son til Aasmund Bjørnson Hamarsnes og Anne Olavsdtr og gift med Anne Vetlesdtr. Harald var ein ivrig småviltjeger og ein sers flink forteljar. Han kunne leggje seg ut og dramatisere jaktsogene sine så det var som du sjølv var med. Ein forskar frå Norsk Målførearkiv høyrde Harald, og uttrykte stor beundring for forteljemåten hans. Kanskje var han den seinste representanten for dei gamle, gode forteljarane. Broren, Halvor Mostaul, hadde mykje av same evna.

Harald og Kona Anne hadde heller ikkje born, og han selde Neset til ein skipsreiar, Harry Irgens Larsen, som kaupte gamle hus rundt i Rauland og sette opp på Neset. Der står millom anna den gamle stoga fra Torvetjønn med renessanse-interiør, som vart fredet i 1923. Der står også stoga frå Loftsgarden i Vå. Det var i Loftsgardstoga Olav Kvåmmi flaug ute i ungdomen. Han satt oppe på himlingi og venta på jenta. Då kom det fram tre små blåkledde karar bakom ei kiste. Dei gliste mot han og blei borte. Men så kom dei att og såg trugande ut. ”Då blei eg redd”, sa Olav. Han tumla ned trappi, sprang ned til Totak og skeisa heimatt. ”Sia hev eg’kje floge ute på Loftsgarden mei!”

Frå boka ”Gamle plasser og stoger i grend og utmark”, årsskrift 2005, Rauland Historielag.

I 1990 ble Neset kjøpt av Grace Reksten og Morits Skaugen

1 1995 ble Neset solgt til Øystein Erling Tvenge. Han var gift med Liv Bente Tvenge, men ble skilt i 2001.

I 2009 ble Neset kjøpt av Liv Bente, og deres felles barn Anette, Olav og Jannike.

Stedet brukes nå til hovedsakelig til konsert- og kulturarrangementer, bl.a. Neset-spelet som arrangeres for første gang i august 2012.

Neset kan også leies ut til private og offentlige arrangementer.



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.