Hjem > Aktør > Mjonøy kultursenter > Aktuelt > Sumarcamp 2011


- Ei totaloppleving av lokal kultur og tradisjon.

Mjonøy kultursenter
Telefon: 911 48 580
E-post: mjonoySPAMFILTER@gmail.com (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: www.mjonoy.no

GPS:

Lengdegrad: 7.7994346618 -
Breddegrad: 59.636430397

Kart på google


Sumarcamp 2011

Sumarcamp for ungdom frå 5-10.klasse på Mjonøy

Mjonøy

Bli med på ei veke fylt med gode opplevingar og morosame aktiviteter. Me bur i små hytter og bruker Mjonøy som base for fjellturar, padleturar, fiske og konkurransar. Du vil nok møte på utfordringar. Kanskje vil du lære noko nytt. Og du vil få nye venner. Det blir tettpakka program, men og nok av tid til å gjera det du sjølv ynskjer. Du får innføring i ulike tema på kveldstid. Badestampen skal me halde varm.

Turleiar: Andreas Harstad

Alder: 5.-8. klasse

Tidspunkt: 27.juni – 01.juli

Pris: kr 2000,- (kr 3000,- for dei som ikkje er frå Vinje)

Påmelding til aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no <aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

Villmarksveke/Robinsonveke:

Me pakker sekken og går over fiskeutstyret før me padler det fyrste stykket inn i villmarka. Heile veka skal me vera ute. Me skal eta, sove, sanke, bygge og lære å samarbeide ute i naturen.

Dagane vil me bruke til å bygge oss ein bra camp i nærleiken av vatnet , gå turar, padle og fiske. Du vil få god opplæring i kart og kompass, fyrstehjelp og generelle friluftsferdighetar. Bålkos og gode historier skal me nok og få tid til.

Turleiar: Andreas Harstad

Alder: 5.-10. klasse

Tidspunkt: 04-08.juli

Pris: kr 2000,- (kr 3000,- for dei som ikkje er frå Vinje)

Påmelding til aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no <aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)

26. juni - 9. juli 2011

man tir ons tor fre lør søn
 V  V  V  V  V    

aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no <aasne.vesaasSPAMFILTER@vinje.kommune.no> (Fjern SPAMFILTER fra adressen)



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.