Litteraturdagane 2013 blir frå 29.august til 1.september
Last ned program her:
Litteraturdagane i Vinje er ei årleg tilskiping der meininga er å bli litt betre kjende med forfattarar frå Vinje og andre delar av landet.
I samband med Litteraturdagane i Vinje delar me og ut Storegutprisen under kulturkvelden på Edland laurdagskvelden.
Storegutprisen
STOREGUTPRISEN 2012
Nemnda for utdelinga har i år vald Ingvild Bryn som vinnar av den 11. Storegutprisen.
Aasmund Olavsson Vinje gav ut diktverket Storegut i 1866. Diktet er bygd på segnene om Olav Olavsson Edland (1764-1791).
Storegut er sentral i Vinjes dikting.
Forteljingane om kjempekaren gjekk på folkemunne, og dei uvisse omstende rundt det som hende då han brått blei burte med han gjætte drift i Bordalen, gjorde sitt til at livet til Storegut eggja fantasien til folk. Aasmund Olavsson fekk nok høyre desse forteljingane mang ein gong. Ikkje minst av sin eigen far.
Litteraturdagane i Vinje heidrar diktaren vår med å dela ut ein målpris som me har kalla Storegutprisen.
Prisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk mål i det offentlege rom.
Prisen blir dela ut på festkvelden under Litteraturdagane,( i år er det laurdag 1.september) og det er naturleg å dela ut prisen i hallen som står på garden der Storegut var frå.
Det er ingen stad nynorsk kjem i så god kontakt med så mange som i media.
Ingvild Bryn er kjend og kjær for oss alle som nyhendeanker i NRK – på nynorsk.
Me meiner at måten ho nyttar nynorsk på kan stå som mønster for alle.
Difor er me glade for å kunna gje Storegut-prisen 2012 til ein so verdig mottakar.
Dette er 11. gong prisen blir dela ut, den fyrste som fekk prisen var Ivar Eskeland under litteraturdagane i 2002, dei andre prisvinnarane er Berge Furre, Ragnhild Seltun Fjørtoft, Bjørn Bø, Sigmund Groven, Liv Signe Navarsete, Audun Svartdal, Nina og Øystein Rudi, Odd Nordstoga og Astrid Brekken
Litteraturdagane i Vinje er eit samarbeidsprosjekt med Vinje Kommune og Telemarks Fylkeskommune med stønad frå:
|
|
|
|