Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > Raabygg til Årestoga


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


Raabygg til Årestoga

Rauland internasjonale vinterfestival opnar med konsert i Årestoga på Raulandakademiet onsdag 15. februar. Her får du møte Agder-trioen Raabygg.

Onsdag 15. februar kl. 20.00.

Raabygg består av Johanne Flottorp, Tuva Færden og Sigrid Kjetilsdotter Jore. Alle har dei interesse for både hits og bortgøymde låtar frå Agder. Med hardingfeler, song og harpeleik tek dei fatt i gamle melodiar og arrangerer desse intuitivt. I oktober 2016 gav gruppa ut debutalbumet sitt.

Kjernerepertoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, som er ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått acapella.

Sjølv om kontrastane er store, ligg det heile tida ein raud tråd i historiane bak. For sjølv om damene i Raabygg byrja å spele saman på Majorstua i Oslo, då alle gjekk på Musikkhøgskulen der, reiste dei ofte ut for å treffe dei gamle Agder-heltane. Gjennom fleire turar sørover har Raabygg lært nokre av dei beste slåttane, og ikkje minst fått høyre dei artigaste historiene. Det er desse dei plukkar fram når dei står på konsertscena.
Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten i samarbeid med vinterfestivalen.

Konserten er i regi av Folkemusikkscena på Rauland.

15. februar 2017

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.