Hjem > Aktør > Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland > Aktuelt: > - Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre


- Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk

Høgskolen i Søraust-Noreg - Rauland
Telefon: 35 95 29 00
E-post: raulandSPAMFILTER@hit.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: Nettside

3864 Rauland


- Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre

Benedicte Maurseth har nyleg vore i Vinje for å presentere boka si om spelemannen Knut Hamre. Onsdag 23. november kjem ho att, og no har ho med seg hovudpersonen! I Årestoga på Raulandsakademiet vert det konsert, opplesing og samtalar frå boka. 

Når Benedicte Maurseth ser attende, er det samtalene som har vore det viktigaste i opplæringa som elev på hardingfele hjå Knut Hamre. Desse samtalane skreiv ho ned i ynskje om at fleire andre skulle få ta del i denne visdommen. Slik vart boka Å vera ingenting - Samtalar med spelemannen Knut Hamre til, og kom ut på Det Norske Samlaget i 2014. Boka har fått strålande mottaking frå presse og andre lesarar, og har nyleg kome i nytt opplag i skrivande stund. Boka var også med på Dagbladets liste over «Årets beste bøker» i 2014. 

Knut Hamre (f.1952) er rekna for å vere ein av dei fremste utøvarane på hardingfele i dag. Han er ein felepoet og ein felemeister. Benedicte Maurseth har vore Hamre sin elev i 25 år, og er i dag ein framifrå og velkjend felespelar. I konsertane dei gjev saman, vil ein få høyra utdrag frå boka, hardingfeleslåttar frå heimtraktene deira i Hardanger, og samtale der og då mellom meister og elev om dei uendelege tema som: Kva er kunst? Korleis får ein fram svevet i spelet? Kva gjer ein meister til ein god meister? Og om Hamres eigne meistrar og livsfilosofi: Å vera ingenting - i teneste for kunsten, tradisjonen og eleven. Hamre var sjølv elev i om lag 30 år hos sine meistrar; Anders Kjerland frå Granvin, Bjarne Herrefoss frå Bø og diktaren Olav H.Hauge.

Både kunstinteresserte, pedagogar, psykologar, prestar og all slags undrande menneske i det store og heile, har fatta interesse for denne annleistenkjande spelemannen Knut Hamre, og samtalane mellom meister og elev. 

Konserten og samtalens innhald er inkluderande for mange fleire menneske med ulik kunst- og yrkesbakgrunn, enn berre dei med særskilt interesse for felespel. Det er folkemusikkscena på Rauland som arrangerer konserten.

23. november 2016

man tir ons tor fre lør søn
     V        


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.