Hjem > Aktør > Fantaski


- Aldri meir bakglatte ski!

Fantaski
Telefon: 41 69 44 02
E-post: arnfinn.heggSPAMFILTER@fantaski.no (Fjern SPAMFILTER fra adressen)
Web: www.fantaski.no

Smia as v/ Arnfinn Hegg
Surgravvegen 25
3890 Vinje
Norge

Skiservice

Wintersteiger slipemaskin


Lei av bakglatte ski og dårleg glid?

Fantaski er ein ny type langrennski som gir deg optimal glid og spikerfeste, heilt utan festesmøring!

Enkelt prinsipp

Det patenterte prinsippet går ut på å dele skisolen på langs. Ein får då ei glidflate på innersida og ei smal festeflate på yttersida av skia. Glidflata er som på normale ski, medan festeflata har ein strimmel av nylonfell festa til seg. Takka vere ein liten nivåforskjell mellom dei to flatene, kjem festeflata ikkje i kontakt med underlaget når du glir på skia. I fråspraket derimot, legg du vekta litt på utsida av fotsolen, slik at nylonfellen kjem i kontakt med snøen.

Spikerfeste og optimal glid

Festeflata med nylonfell sørger for feste i dei brattaste bakkar. Samstundes har Fantaski med sin heilt reine sole stort sett merkbart betre glid enn ski med festesmøring. Sjølv om fordelen med Fantaskia er mindre på ekstreme typar føre, vil det aldri vere ei ulempe å gå på dei. Dette har blitt testa gjennom 20 år, på alle typar føre og distansar.

Ekte fristil

Fråveret av festesmøring gjer at du på same par ski kan kombinere klassisk og fristil nett som det passar deg. Ta nokre skøytetak når løypetraséen og dagsformen tillet det, og bytt raskt tilbake til klassisk når du vert sliten. Fantaski gjer ekte fristil mogleg!

Lita justering

Fantaski krev ei lita justering i den klassiske teknikken. Erfaring viser at det tek mellom 20 og 50 km å bli vant til denne justeringa. Dei som vil får det til. Du er berre nokre mil unna ei heilt ny skioppleving!

Prisliste :

Kampanjeprisar på barneski for skisesongen 2012-2013
Frå kr. 590,-

Fjellski med stålkant 

Kr. 3800,-

Turski

Frå kr. 2990,-

Langrennski og racingski  

Frå kr. 3750,-  til  kr. 5500,-

Ta kontakt for ein uforpliktande demonstrasjon eller prøvetur.

Fantaski



Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.